Annonse

annonser i Universitas

Kjeldeleg kjærleik

Heidi Marie KriznikBorte en vinterForlaget Oktober

Det kan tydelegvis aldri bli skrive nok om livet, kjærleiken og døden. Når din kjære har gått bort er livet håplaust, dagane svarte og sorga uuthaldeleg. Ein gong i blant blir den gamle historia servert på ein litt meir folkeleg og jordnær måte, slik som i Borte en vinter, utan at ho blir så mykje betre av den grunn.

Etter at Zenz, den pensjonerte småbrukaren på Fetsund, mistar kona Astrid etter 34 års ekteskap, blir livet grått og trist. Humøret fell, alkoholbruken stig og venene forsvinn. For at det heile skal verke ekstra håplaust, har forfattaren gjort bruk av eit gjennomsnittleg norsk bygdemiljø. Alle lever på trygd og ingen har gløymt krigen. Ikkje overraskande har Zenz også ein ulukkeleg barndom å tenkje tilbake på.

Ei og anna fin skildring dukkar opp undervegs. Sjølv om Kriznik ikkje yter det norske bondelandet mykje rettferd, finst det små blinkskot. Som når Zenz legg seg ut med hyttefolket: «Jeg sier at hvis han er kommet på landet for å nyte skogens ro, så er traktoren en del av det.»

Likevel blir dette kjedeleg og lite interessant. Same kor stakkarsleg han blir framstilt, er det vanskeleg å synast skikkeleg synd på Zenz. Kanskje er boka for kort til å bera fram ekte kjærleikssorg, og så trist er det da heller ikkje å bu lenger enn ei mil unna Oslo City.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i anmeldelser

Rusa på makroner

En dobbel sluttscene viser det beste og det verste med Et dukkehjem.

Litt lange timer

Kommer det et bredt spekter tekster ut av noenlunde like mennesker?

Øyeblikk av frihet

Selv med pensum under armen er øyhopping i Oslofjorden å anbefale.


Flere saker fra anmeldelser »