Tre favoritter
Frank Kjosås. Aktuell som Peter Pan ved Det Norske Teatret
Bok: Arto Paasilinna, Harens år
Dette er ei av dei mest morosame bøkene eg har lese. Det er fyrste gongen eg har måtta stoppa lese fordi eg lo så godt. Absolutt å anbefale.
Tv-serie: Six Feet Under
Denne gullbarren av ein tv-serie er å finne på DVD. KJØP DEN! Veldig godt manus og ypperleg skodespelarkunst. Noko av det sterkaste eg har sett.
Plate: Glenn Gould, Goldberg variations (1955 og 1982)
To flotte tolkningar av same verk. Godt eksempel på kor forskjellig ting vert med alderen og, ja, imponerande teknikk.











