Annonse

annonser i Universitas

Danseglad patriotisme

Rich Devaney og Marius Matzow GulbrandsenPeace in Our TimeMilbros Studios AS og Film Faction Inc, 2007.

Kortfilmen Peace in Our Time er resultatet av eit tett samarbeid mellom produsentar frå Oslo og New York. Vi følgjer nokre personar som lever innan eit ekstremt overvakningssamfunn, og kva misforståingar og følgjer det kan få om ein ikkje tar alle reglar seriøst innan eit slikt samfunn. Det vi får servert er ei satire over amerikansk PATRIOT ACT (The Uniting and Strengthening America by Providing Appropriate Tools Required to Intercept and Obstruct Terrorism Act of 2001) - noko som er heilt på sin plass i desse dagar.

Filmen er både interessant og morosam, og heldigvis treng vi ikkje vere flaue - dei norske innslaga passar utmerka saman med dei amerikanske, pent akkompagnert av ein fyr med indisk aksent. Musikkinnslaga underbyggjar filmens bodskap, i tillegg til at dei gjer at du får litt lyst til å reise deg opp og danse med muslimar og terrormistenkte. Filmen er generelt estetisk tiltrekkjande, med fargerike nærbilete som dreg deg inn i historia.

Det er likevel eitt lite problem med Peace in Our Time: Den er kort. Det verkar som filmskaparane ikkje heilt har innfunne seg med formatet dei jobbar innanfor, og i staden for å lage ein kortfilm har laga ein introduksjon til ein heil film. Men gjer det eigentlig så mykje? Eg ventar i spaning på oppfølgjaren.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i anmeldelser

Rusa på makroner

En dobbel sluttscene viser det beste og det verste med Et dukkehjem.

Litt lange timer

Kommer det et bredt spekter tekster ut av noenlunde like mennesker?

Øyeblikk av frihet

Selv med pensum under armen er øyhopping i Oslofjorden å anbefale.


Flere saker fra anmeldelser »