Annonse

annonser i Universitas

Tre favoritter

Foto: Jon Terje Hellgren Hansen

Ruth Lillegraven, aktuell med diktsamlingen Store, stygge dikt.

Bok: Tove Ditlevsen: Barndom. Ungdom. Gift.

- Sjølbiografisk og utleverande trilogi om Ditlevsens tragiske liv. Med kjølig distanse og til tider sarkastisk snert formidlar ho dei mest dramatiske opplevingar. Ditlevsen var av den «addictive» typen, både når det galdt skriving, menn og rusmidler. «Gift» der ho skriv om sine fire ekteskap er rystande lesnad, særleg delen om legeektemannen som får ho til å bli morfin-junkie. Les og lær, jenter!

Film: Nick Cassavetes She’s so lovely.

- Humoristisk, trist og dysterdeilig om stor og sprø kjærleik. Eddie og Maureen er eit forsoffent og alkoholisert par, totalt avhengige av kvarandre på sitt smådestruktive vis. Eddie klikkar fullstendig når han oppdagar at Maureen har blitt voldtatt av naboen, og blir sperra inne i ti år. Når han omsider slepp ut att, har Maureen blitt forstadsfrue og det er duka for eit deilig ikkje-politisk korrekt oppgjer.

Plate: Martha Wainwright: Martha Wainwright.

- Så sårt, så sårt. Etter mi meining går søstera til Rufus og dattera til Loudon resten av artistfamilien ein høg gang. Underteikna var på konsert med Martha i eit mørkt kjellarlokale innerst i ein bingohall i Edinburgh i vår - eit høgdepunkt som gjorde meg til svoren Martha-fan. Martha er kul, Martha er rå, Martha har stil. Men ho har også ei fantastisk stemme, eit stort spekter, og tekstar som går rett i hjarte, mage og beinmarg.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i anmeldelser

Litt lange timer

Kommer det et bredt spekter tekster ut av noenlunde like mennesker?

Øyeblikk av frihet

Selv med pensum under armen er øyhopping i Oslofjorden å anbefale.

Pilemil fra indieberget

Ingen skal beskylde Pilemil for å være uoriginal på sin nye konseptplate.


Flere saker fra anmeldelser »