Annonse

annonser i Universitas

Frustrert: Ein boikott kan kanskje vera eit sandkorn som bidreg til at det massive fjellet som er rusta opp til tennene skal forvitre, seier historieprofessor Trond Nordby.

Innbitt konflikt om boikott

Ei rekkje universitets- og høgskuletilsette har skrive under på at dei vil gjennomføre akademisk boikott av Israel. Leiinga ved UiO tek fullstendig avstand frå initiativet.

–Skal akademikarar leike statar og ta ei politisk rolle, har dei heilt misforstått. Janne Haaland Matlary, professor i statsvitenskap

– Akademia spelar ei nøkkelrolle i Israel. Mange universitet er involvert i våpenindustrien og i tilegg bidreg akademia vesentleg i den ideologiske framstillinga av landet si historie, seier Tore Sivertsen, førsteamanuensis ved Norges Veterinærhøgskole og ein av initiativtakarane til nytt opprop for akademisk boikott av Israel.

Oppropet er, sidan det vart starta 13. oktober, så langt underteikna av hundre akademikarar. For å markere avstand frå Israel sin «okkupasjon og undertrykking» av palestinarane, vil dei som underteiknar avstå frå vitskapleg samarbeid med israelske forskingsmiljø.

– Men vi skal framleis prate med folk. Dersom israelske akademikarar kontaktar oss, diskuterer vi gjerne spørsmålet med dei, understrekar Sivertsen.

Vil verne fagfellar

Akademisk boikott er mykje diskutert den seinare tida. NTNU i Trondheim handsama spørsmålet på eit styremøte i november i fjor, men tok samrøystes avstand frå boikott. Ved Universitetet i Oslo (UiO) vart same spørsmålet drøfta i juni i år, men også her vart boikott avvist. No blir saka løfta på nytt, som ei grasrotkampanje for einskildakademikarar.

Rektoren ved UiO, Ole Petter Ottersen, tek klart avstand frå initiativet. Han vil ikkje forby dei tilsette å engasjere seg, men understrekar at universitetsstyret si avgjerd frå i vår står fast.

– Det sentrale er synet på boikott som instrument. Vitskaplege kommunikasjonsliner kan vera verdfulle der diplomatiske liner bryt, seier han.

Universitetsleiinga har ikkje vore offentleg ute i media og kritisert Israel, men rektoren meiner likevel at eit universitet gjerne kan spela ei slik rolle.

– Universitetet skal etter vår oppfatning ta standpunkt når akademiske verdiar som menneskerettar og ytringsfridom er truga. Det har hendt vi har gått ut med regimekritikk, men boikott at fagfellar er uansett ikkje eit godt verkemiddel, seier Ottersen.

–Boikott hindrar kunnskap

Ottersen får stønad av Hilde Henriksen Waage, professor i historie og mangeårig forskar på Midtausten-konflikten.

– Min jobb som historikar er å forklare konflikten på bakgrunn av den kunnskapen eg har, ikkje å vera politisk aktivist, seier ho.

Waage fryktar at ein boikott vil hindre viktig forskingsarbeid.

– Om tre veker skal eg til Jerusalem for å grave i israelske arkiv, og finne ut enda meir om korleis Israel nærast lurte verda under fredsforhandlingane i 1948. Den kunnskapen ville eg ikkje hatt mulegheit til å få tak i dersom det var ein akademisk boikott, seier historieprofessoren.

Benjamin Endré Larsen, stipendiat ved Farmasøytisk institutt, er ein av dei som har skrive under på oppropet. Han har ikkje mykje til overs for Waage sin argumentasjon.

– Den kunnskapen vi har i dag er meir enn tilstrekkeleg til å slå fast at det trengs sterkare verkemiddel for å få slutt på konflikten, seier Larsen.

Også historieprofessor Trond Nordby er skeptisk.

– Eg kan ikkje sjå for meg at historieforsking i særleg grad kan bidra til å løyse konflikten, seier han.

Nordby er sjølv med på boikottaksjonen. Han er opprørt over Israel si handsaming av folket på Vestbreidda og Gaza-stripa og overtydd om at dialog med staten Israel ikkje vil ha nokon effekt. Nordby håpar derimot boikott kan vera eit bidrag til fred.

FN si rolle

Janne Haaland Matlary, professor statsvitskap, meiner dette er heilt feil rolle for akademia å spela. Ho karakteriserer boikott som det motsette av ytringsfridom.

– All forsking viser at boikott som verkemiddel fungerer veldig dårleg. Om nokon skal gjera det så er det statar gjennom FN sitt tryggingsråd.

Matlary peikar på at det finst ei rekkje andre regime rundt om i verda som bryt menneskerettane utan at ein vurderer boikott av desse, og at verkemiddelet heller må vera å engasjere seg i debattar.

– Skal akademikarar leike statar og ta ei politisk rolle, har dei heilt misforstått, meiner ho.

Konsensus over kamp

Leiaren i Norsk Studentorganisasjon, Anne Karine Nymoen, opplyser at hennar organisasjon ikkje har teke stilling til ein eventuell akademisk boikott av Israel. Heller ikkje Studentenes og akademikernes internasjonale hjelpefond (SAIH) har noko offisielt standpunkt. Dette er ein medvite strategi for å halde studentmassen samla.

– Vi har ingen politikk på det. Det er mange motstridande meiningar, og vi må kjøre på konsensussaker for å nå breitt ut, seier leiaren i SAIH, Runar Myrnes Balto.

Farmasistipendiat Larsen reagerer på dette.

– Eg synes det er fint dei er opptekne av fred, fridom og politikk. Men greier dei ikkje å ta stilling når desse verdiane blir sett på prøve, er dei kanskje litt vel opptekne av å ikkje vera kontroversielle, meiner han.

Fakta

Midtausten-konflikten:
  • Vestbreidda og Gaza-stripa er palestinske landområde som har vore under okkupasjon av
av Israel sidan 1967.
  • I 2002 starta Israel bygginga av ein mur som strekk seg langt inn på palestinske område. Muren medfører grove brot på menneskerettane. I 2008 vart Gaza invadert av israelske militære.
  • Palestinar har sendt rakettar på sivile mål og utført sjølvmordsåtak i Israel.
  • Det har i mange år vore eit utbreidd krav om handelsboikott av Israel. Særleg den politiske venstresida har teke til orde for dette.
  • Den siste tida har også akademisk og kulturell boikott vorte løfta som eit internasjonalt solidaritetsverkemiddel for å få slutt på den israelske okkupasjonen.
Kjelde: Globalis.no/FN-sambandet

6 kommentarer

Diane Bates

En slik ensidige fordømming av Israel fører ikke frem mot fred. Den norske debatten - særlig blandt akademiker - har låst seg fast i en svart/hvitt fremstilling av situasjonen i midtøsten.

Rupert

Er Trond Nordby professor i historie også? Jaggu

Hanna

Runar Myrnes Balto- er vel ikke lederen av SAIH?

Invictus

Om SAIH deltar i boikotten kommer ihvertfall denne studenten til å kreve tilbake tierne sine.

Yngve Nordkvelle

Den norske boikotten av Sör-Afrikansk akademia var vellykket. I 1987 var dette en vinnende sak ved UiO og rektor Lönning sto helhjertet bak. Men"boikott" er et lite velvalgt begrep som gir tradisjonalistene for mange trumfkort. Det viktigste virkemiddelet som ble brukt i 1987, var politisering av de vitenskapelige diskurser. Man stilte spörsmaalene sör-afrikanerne fant ubehagelige: hva gjör dere ved deres institusjon for aa inkludere svarte? Hvordan paavirker ulikheten og urettferdigheten i ditt land ditt virke som akademiker? Avviste de denne typen problemstillinger, ble det sterke diskusjoner. Dersom israelske akademikere vet de maa svare paa slike spörsmaal naar de önsker aa publisere, presentere papers, delta i samarbeidsprosjekter osv internasjonalt, vil det före til en annen slags gjennomtenkning av forholdet mellom vitenskap, akademia og politikk. I denne prosessen vil noen bli mer "verkrampt" -som boerne i sör-afrika ble, mens sosialt ansvarlige og kritiske akademikere vil engasjere seg i kampen for demokrati, deltakelse, toleranse og rettferdighet. Ottersen og Matlary maa se at en slik form for aktivisme er helt nödvendig for aa ivareta vitenskapelige verdier.

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i akademia

Oppdrag: mislykket

Nesten all forskning på Afghanistan-krigen er oppdragsforskning for norske myndigheter. – Forskningen er for opptatt av norske forhold, sier Afghanistan-forsker Ståle Ulriksen

– Driver ikke med innavl

Prorektor Inga Bostad avviser kritikken om akademisk innavl på UiO. Hun får støtte fra BI-forsker.

Faglig forstoppelse

Norske universiteter ansetter sine egne doktorgradsstipendiater som forskere. – Konkurransen om stillingene er rigget, sier UiO-professor Kristian Gundersen.

Ønsker yngrebølgen velkommen

Flere skal inn i høyere utdanning, bachleorgraden skal tydeliggjøres for arbeidslivet og det skal investeres i kunnskapsformuen vår. Tora har talt.

Tror utdanningsbobla sprekker

Ikke alle er enige i at jo mer, jo bedre burde være et mantra for høyere udanning. Nå tar flere til orde for kortere studieløp.

– Flere studenter, ikke færre

Sosiologiprofessor Ottar Brox’ utspill om at for mange tar høyere utdanning, vekker kraftige motreaksjoner. Leder for Akademikerne mener påstandene er tatt ut av løse lufta.

Advarer mot overutdanning

Sosiologiprofessor Ottar Brox mener altfor mange tar høyere utdanning. Konsekvensene er svekket studiekvalitet og store økonomiske kostnader for samfunnet.

Innbitt konflikt om boikott

Ei rekkje universitets- og høgskuletilsette har skrive under på at dei vil gjennomføre akademisk boikott av Israel. Leiinga ved UiO tek fullstendig avstand frå initiativet.

Derfor vil de bli universitet

Et flertall av Norges høgskoler har ambisjoner om universitetsstatus. Større selvstyre, lokal prestisje og press fra andre høgskoler er sentrale årsaker.

Halvparten av studentene vil ha forskerstilling etter utdanningen

Men plassene blir okkupert av aldrende akademikere.


Flere saker fra akademia »